Merkelapp-arkiv: sexy

Fylkesfinalistane i Sogn og Fjordane…

…er:

  • Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

No byrjar juryen sitt arbeid. Me gler oss!

Her har du alle finalistane:

  • Vestfold: Margit Ims og Daniel Bolstad Fløde
  • Aust-agder: Sanjin Kazagic og Åse Bjorvatn
  • Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen
  • Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås
  • Finnmark: Sivert Isaksen Warth
  • Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun
  • Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng
  • Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten
  • Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl
  • Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl
  • Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde
  • Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe
  • Sogn og Fjordane: Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

 

 

Nokre av fylkesfinalistane er klare!

Til no har me desse fylkesfinalistane klare:

  • Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen
  • Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås
  • Finnmark: Sivert Isaksen Warth
  • Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun
  • Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng
  • Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten
  • Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl
  • Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl
  • Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde
  • Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe

Det har vore veldig, veldig jamt, og svært få røyster som har avgjort nokre av finalistane!

I dag vert Sogn og Fjordane lagt ut for røysting. So fylg med!

 

Teknikken på plass

No, folkens, er det tekniske satt opp og i orden. So, på måndag byrjar morroa!

Då vert det å røyste fram fylkesfinalistar for Sør-Trøndelag, Oslo, Telemark og Buskerud.

Nokre fylker er det ikkje blitt nominert kandidatar, difor fell desse bort. I nokre fylker er det kun blitt nominert éin mann eller éi kvinne. I desse fylka gjeng han/ho direkte til finalen. Desse vert publisert etter kvart.

 

Røystereglar:

1. Du kan røyste ein gong for kvart fylke

2. Du kan røyste på ein/ei i kvart fylke

3. Du kan røyste måndag-fredag

Den mannen og den kvinna med flest røyster i kvart fylke gjeng vidare til finalen. Når me har fått samla røystene vil me publisere fylkesfinalistane fortløpande.

Avis-error

No har det seg slik at Sunnmørsposten har skrive, både i papirutgåva og nettutgåva av avisa, at me allereiie har kåra Terje Kjøde til Noregs mest sexy nynorskbrukar. Det har me IKKJE gjort, og kjenner heller ikkje til kvar dei har fått desse opplysingane. Me har send e-post til dei og bedt dei rette opp i feilen.

Vinnaren vert kåra i månadsskifte mai/juni, som planlagt.

Send gjerne inn fleire framlegg. Namna vert lagt ut fylkesvis etter påske.

Kåringa når nye høgder

Kåringa har fått mykje meir merksemd enn me hadde rekna ut i frå. Difor gjer me no litt om på kåringa. Kåringa kjem til å gå føre seg slik:

1. De kan nominere kandidatar fram til påske. Dvs fram til 22.03.2013 kl 2359

2. Etter påske vert det sett opp avstemming fylke for fylke. Frå og med veke 14 til veke 20 skal de stemme fram finalistar frå kvart fylke. Me samlar tre fylke kvar veke. Den mannen og den kvinna frå kvart fylke som får flest stemmer gjeng vidare til finalen.

3 I veke 20/21, når alle finalistane er kåra, skal ein jury sette seg ned og kåre vinnarene av tittelen «Noregs mest sexy nynorskbrukarar 2013». Det vert kåra ein mann og ei kvinne.

4. Vinnarene vert offentleggjorde i månadskifte mai/juni.

So følg med, og nominer fram til påske!