Merkelapp-arkiv: nynorsk

Pangstart!

Me har, etter den lille lanseringa i går, fått inn i overkant av 70 gode framlegg til no! Dette er veldig artig! Takk til alle som sender inn framlegg.

No har me òg fått oss ei side på facebook. Søk på «Noregs mest sexy nynorskbrukar 2013», so får du ho opp! Del han gjerne. Og hugs emneknaggen der det passar deg 😀 : #sexynynorskbrukar

Det kjem smakebitar etter kvart! Så, stay tuned som ein seier på sidemål!

Kva skal skje her?

No som me er inne i språkåret 2013 tenkte me i Motmæleredaksjonen at det er flott med litt sprell frå oss. VG, Se og hør(sjå og høyr) med fleire har stadig kåringar over mest sexy skodespelarar, mest sexy menn eller kvinner. No tenkjer me det er på tide med Noregs mest sexy nynorskbrukar. Du kan melde inn framlegga dine fram til 17.05.2013 kl 23:59. Med andre ord, du har 3 månadar og 11 dagar på deg. So sett i gong!