Kåringa når nye høgder

Kåringa har fått mykje meir merksemd enn me hadde rekna ut i frå. Difor gjer me no litt om på kåringa. Kåringa kjem til å gå føre seg slik:

1. De kan nominere kandidatar fram til påske. Dvs fram til 22.03.2013 kl 2359

2. Etter påske vert det sett opp avstemming fylke for fylke. Frå og med veke 14 til veke 20 skal de stemme fram finalistar frå kvart fylke. Me samlar tre fylke kvar veke. Den mannen og den kvinna frå kvart fylke som får flest stemmer gjeng vidare til finalen.

3 I veke 20/21, når alle finalistane er kåra, skal ein jury sette seg ned og kåre vinnarene av tittelen «Noregs mest sexy nynorskbrukarar 2013». Det vert kåra ein mann og ei kvinne.

4. Vinnarene vert offentleggjorde i månadskifte mai/juni.

So følg med, og nominer fram til påske!

 

 

5 tankar om “Kåringa når nye høgder

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *