Og vinnarane er…

Det var mange god kandidatar, og det tok tid før juryen vart samde. Alle finalistane skilde seg frå kvarandre, og alle er dei verdige vinnerar. Men, som i alle kåringar skal ein stå att med vinnarane. Dei to som kan titulere seg Noregs mest sexy nynorskbrukar 2013 er Sigmund Løvåsen og Ingebjørg Bratland. Dei har båe eit lurt smil og smilande augo. Dei strålar sjølvkjensle og glede og dette er noko juryen trekk fram som positivt. I tillegg er dei gode ambassadørar for nynorsk, gjennom litteratur og song. Dei er sexy! Gratulerer!

 

I juryen: Kristina E. Sæterdal, Karl Peder Mork og Anne Straume

For spørsmål kontakt Anne Straume

Fylkesfinalistane i Sogn og Fjordane…

…er:

  • Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

No byrjar juryen sitt arbeid. Me gler oss!

Her har du alle finalistane:

  • Vestfold: Margit Ims og Daniel Bolstad Fløde
  • Aust-agder: Sanjin Kazagic og Åse Bjorvatn
  • Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen
  • Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås
  • Finnmark: Sivert Isaksen Warth
  • Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun
  • Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng
  • Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten
  • Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl
  • Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl
  • Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde
  • Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe
  • Sogn og Fjordane: Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

 

 

Nokre av fylkesfinalistane er klare!

Til no har me desse fylkesfinalistane klare:

  • Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen
  • Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås
  • Finnmark: Sivert Isaksen Warth
  • Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun
  • Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng
  • Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten
  • Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl
  • Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl
  • Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde
  • Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe

Det har vore veldig, veldig jamt, og svært få røyster som har avgjort nokre av finalistane!

I dag vert Sogn og Fjordane lagt ut for røysting. So fylg med!